Nordmenn vil helst ha norske eigarar i næringslivet

Nationen
Publisert: mandag 27. april 2020

Nordmenn meiner det betyr noko kven som eig næringslivet. To av tre vil at det eigarskapet skal vere norsk, viser ei fersk undersøking.

Grunnen til at nordmenn ønskjer norsk eigarskap er først og fremst fordi dei meiner det er viktig for den økonomiske utviklinga i Noreg, utviklinga av lokalsamfunn og sysselsetjinga.

Det går fram av ei undersøkinga som Ipsos (tidlegare MMI) har gjort for Samvirkene. Undersøkinga vart gjort i januar, som ein nettundersøking blant 500 menn og kvinner over 18 år.

Børsnoterte skårar høgast

I undersøkinga er det også spurt om ulike formar for eigarskap. Høgast skårar børsnoterte selskap, tett følgd av statlege selskap, samvirkeselskap og familieeigde selskap.

Dei som føretrekkjer at aksjonærar eller at familiar skal eige arbeidsplassar og verdiskapinga, har ein tendens til å ikkje ville ha samvirke eller offentleg eigarskap.

Skilnadene i synet på eigarskap går også etter politiske liner. Over halvparten av det som i undersøkinga bli definert som sosialistiske veljarar meiner staten er den meste eigna eigaren av norske verksemder. Eit fleirtal av borgarlege veljarar meiner at aksjonærar i børsnoterte selskap er det. I denne undersøkinga blir borgarlege, blå, definert som dei som røystar Høgre, Frp, KrF og Venstre. På den raude sida er Ap, SV, MDG, Raudt og Sp. Men både mellom dei raude og dei blå svarar fleirtalet at norske eigarar er meir eigna til å eige bedrifter i Noreg. 70 prosent av ei raude veljarane og 61 prosent av dei blå svarar det. Jan Behrens, seniorkonsulent i Ipsos, meiner at det trass i den skilnaden må vere råd å seie at det politisk er stor semje i synet på norsk eigarskap.

Sysselsetjing viktigast

Også i synet på kvifor kven som eig næringslivet er viktig, er det liten skilnad mellom dei politiske fløyene. 76 prosent blant både raude og blå meiner det er viktig for sysselsetjinga i Noreg. 82 prosent av dei raude og blå meiner det er viktig for den økonomiske utviklinga av landet, 78 prosent meiner det er viktig for norske lokalmiljø.

– Berre på svaralternativet om at eigarskap betyr noko for ulikskapane i samfunnet, delte folk seg etter politisk ståstad, seier Behrens.

– På det spørsmålet svara 71 prosent på raud side at det var viktig, mot 51 prosent på den blå sida.

Norsk eigarskap er viktigast for eldre og dei med universitets- eller høgskuleutdanning.Over halvparten av dei med høgare utdanning meiner aksjonærar i børsnoterte selskap er best eigna til å eige norske bedrifter.Berre tre prosent av dei spurte svarar at utanlandsk eigarskap er best.

I undersøkinga vart folk også spurt kva eigenskapar dei forbind med dei ulike formene for eigarskap.

Statleg eigarskap var det dei spurte forband mest med. På lista over eigenskapar var motstandsdyktigheit mot dårlege tider, varige arbeidsplassar og kunnskap og kompetanse i Noreg.

Kommunale og fylkeskommunale selskap vart også forbundne med nokre av dei same verdiane, men der var den lokale orienteringa sterkare. Samvirkeselskap vart også knytt til dei same eigenskapane som dei statlege, men i svakare grad.

Dei aksjonæreigde selskapa skåra høgt på at dei ville vere lønsame, ville lukkast med innovasjon og nyskaping og at dei sikra god konkurranse.

Dei familieeigde selskapa blir forbundne med dei same eigenskapane, men i svakare grad.

Samvirke med 2,8 millionar medeigarar

Samvirkene er interesseorganisasjonane for dei norske samvirkeorganisasjonane, og representerer rundt 2,8 millionar medeigarar. Dagleg leiar i Samvirkene, Janne Log, seier at dei er opptekne av eit mangfald av eigarskap og like rammevilkår for dei ulike eigarformene.

– Men vi er også opptekne av å ha eit medvite forhold til dei ulike eigarformene, og vi meiner samvirkebedrifter, som jo har eit breitt eigarskap, har ei viktig rolle i den norske modellen.

Vi meiner samvirkebedrifter, som jo har eit breitt eigarskap, har ei viktig rolle i den norske modellen.

Log meiner debatten om eigarskap lett blir for eller mot statleg eigarskap.

– Det synest eg er for snevert når vi står framfor dei utfordringane vi no gjer. Med aukande ulikskap, sviktande tillit, og at det digitale skiftet vi skal inn i er leda av amerikanske og kinesiske plattformselskap. Ho seier spørsmålet om kven det er som skal eige Noreg er svært viktig.

Ønskjer langsiktig eiarskap

– Vi meiner at langsiktig eigarskap er viktig for å møte berekraftsutfordringar, og vi meiner at eit breitt eigarskap er viktig for å møte utfordringarknytt til auka ulikskap, og at nasjonalt eigarskap er viktig for å sikre forsking og utvikling i det teknologiske skiftet vi står i.

– Kva tenkjer du om det undersøkinga viste?

– At nordmenn meiner eigarskap er viktig for å løyse utfordringar i sysselsetjing, økonomisk utvikling og utvikling av lokalmiljø. Og ikkje minst f0r å gjere noko med dei aukande ulikskapane i samfunnet. Og så ser vi også at samvirka ikkje har vore flinke nok til å vise dei kvalitetane vi har.

Log meiner samvirka har ei viktig rolle i utviklinga av den norske modellen.

– Svenskane har eit mykje meir aktivt forhold til eigarskap. Vi må klare å løfte den debatten her også. Det handlar om politikk, verdiar og framtida

Samvirkene, interesseorganisasjonen for norske samvirke.

Representerer rundt 2,8 millionar medeigarar.

Blant medlemssamvirka er: Coop.

Dei norske landbrukssamvirka Tine, Nortura og Felleskjøpet.

NBBL, som mellom anna Obos er ein del av.

ULOBA independent living.

Norges råfisklag.

Kredinor.

Landkreditt.

KLP.